Medlemskap
Med eit medlemskap i Førde Badmintonklubb kan du trene kor ofte du sjølv ynskjer og på dei dagane som passar deg. Du vel også kva tidspunkt du ynskjer å møte på.
Som medlem får du moglegheit til å delta i turneringar. Du får også medlemsrabatt på badmintonutstyr via vår samarbeidspartner SportModern.
Medlemskontingenten gjeld for éin sesong - haust og vår (fom. september inneverande år tom. april neste år).
Kva dekkjer kontingenten?
Medlemskontingenten går bl.a. med til å dekkje halleige, lisens og avgifter til krets og forbund, samt andre administrative kostnader. Medlemskontingenten inkluderer også skadeforsikring frå Norges Badmintonforbund.
Medlemsregistrering 2024/2025
Vi brukar NIF sitt medlemssystem for registrering og fakturering. For å registrere deg må du ha ein Idretts-ID . Har du vore medlem hos oss eller i ein annan idrettsklubb tidligare, er det stor sjanse for at du allereie har ein Idretts-ID.
Trykk på knappen under for å gå til registrering. Der kan du også opprette Idretts-ID om du ikkje har det frå før. Er bornet ditt under 15 år, må du registrere deg sjølv først.
Etter at du har registrert deg og vi har godkjent medlemskapet, sender vi faktura for medlemskontingent via NIF sitt medlemssystem (du vil få varsel på epost/SMS).