Om Førde Badmintonklubb
Førde Badmintonklubb vart stifta i sesongen 1979/80 og har frå starten av haldt til i Førdehuset. I inneverande sesong (2025/26) har vi 16 registrerte medlemmar, samt ein god del "drop-in"-deltakarar, der det fordelar seg jamnt mellom born, ungdom og vaksne, både gutar og jenter.
I vår klubb kan deltakarar trene og spele saman slik dei ynskjer, samt få individuell oppfølging og teknikktrening. Medlemmar har også moglegheit til å delta på turneringar i regi av klubben.

Styret
Følgande styre vart valt på årsmøte den 19.03.2025:
- Leiar: Sigmund Flaten
- Nestleiar: Erik Mossestad
- Kasserar: Håvard Breilid
- Varamedlem: Asle Veien
- Varamedlem: Sara Nagendran
Norges Badmintonforbund
Klubben er medlem av Norges Badmintonforbund, som er særforbundet tilknytta Norges Idrettsforbund (NIF) for badmintonsport i Noreg.
Meir informasjon om Badmintonforbundet finn du på badminton.no.
Badmintonkretsen Vest
Klubben tilhøyrer Badmintonkretsen Vest.
Meir informasjon om kretsen finn du på bkvest.no.