Meny

Badminton i Førde!

Hos Førde Badmintonklubb kan deltakarane trene og spele saman slik dei ynskjer, samt få individuell oppfølging og teknikktrening. Kanskje badminton er noko for deg? Uansett alder og nivå er du velkomen til å trene badminton med oss!

Treningstider

måndag19:00 - 21:00
onsdag20:00 - 21:30
fredag17:00 - 19:30

Avlyst: fre. 12.09, fre. 19.09 - fre. 17.10

Stad: Førdehuset, hall 3

Prøve badminton?

Kom innom på ei trening og spel badminton med oss! Ingen påmelding eller registrering er nødvendig første gongen. Utstyr får du låne av klubben.

For nye deltakarar tilbyr vi eit gratis og uforpliktande prøvemedlemskap på to veker. Kontakt oss gjerne på førehand via tlf. eller epost om du har spørsmål.

Registrer prøvemedlemskap

Siste nytt

Avlyste treningar i haust

Det er mykje som skal skje i Førdehuset i haust, difor må vi dessverre avlyse ein del treningar.

Vi kjem til å ha ei lengre treningspause under VM i vektløfting. Då vert det ikkje trening i det heile (verken mån., ons., eller fre.) fom. fre. 19. sep. tom. fre. 17. okt.

Vidare vil fleire fredagstreningar gå ut pga. mindre arrangement i Førdehuset (inkludert denne veka).

Her er ei oversikt over alle treningar som er avlyste:

  • fredag 05.09 (Rigg Stortingsval)
  • måndag 08.09 (Stortingsval)
  • fredag 12.09 (Sunnfjord Expo)
  • 19.09 - 17.10 (VM i vektløfting)
  • fredag 31.10 (Arrangement)
  • fredag 07.11 (Førde Cup 2025)

Då gjeld det å utnytte treningstidene vi har på måndagar og onsdagar i perioden no før VM!

Gå til nyheitsarkivet

Treningsprisar

Vi har to alternativ om du ynskjer å trene med oss:

Medlemskap (haust/vår)

Medlemskontingenten for 2025/2026-sesongen:

  • Vaksne: kr 2000,-
  • Student: kr 1200,-
  • Under 20 år: kr 1000,-

Klubben tilbyr betaling med Fritidskonto. Vi har også familierabatt dersom dykk er minst éin under 20 år.

Drop-in

For deg som vil trene ein gong i blant og ikkje ynskjer å bli medlem.

  • Vaksne: kr 100,- pr. trening
  • Friskliv/Førde Ressurssenter: kr 50,- pr. trening
  • Under 20 år/student: kr 50,- pr. trening

Her er det berre å møte opp. Ingen påmelding nødvendig. Du betalar med Vipps, og lån av racket og ballar er inkludert i prisen.

Utstyr

Klubben har avtale med Torinor Sport AS for innkjøp av badmintonutstyr og sko, og kan tilby medlemmar rabatterte prisar. Sjå heile utvalget og bestill på sportmodern.no. Rabattkode får du av styret.

Sport Modern

Betal til

Bankkonto: 3700.20.39053
Vipps-nummer: 563162

Kontakt oss

post@fordebadminton.no

Postadresse

Førde Badmintonklubb, c/o Sigmund Flaten, Steinane 5, 6847 Vassenden

Styret

Leiar:Sigmund Flaten909 46 688
Nestleiar:Erik Mossestad916 37 098
Kasserar:Håvard Breilid419 33 133