Nyheitsarkiv

Her finn du alle nyheitssaker vi har lagt ut på nettsida dei siste åra.

20232022202120202019201820172016

Abonner på vår nyheitsstraum

Dersom du har eit RSS-nyheitslesar-program, kan du bli oppdatert med siste nytt når vi legg ut nye saker.

Legg inn denne URL'en når du skal abonnere i programmet ditt: https://fordebadminton.no/articles-nn-no.rss

Siste nytt

23/24-sesongen har starta for fullt

Då er vi godt i gong med 23/24-sesongen. Vi har fått nye medlemmar og oppmøte på trening har vore jamnt betre enn i fjor haust. Dette var målet vårt med utvida treningstider og meir plass i hallen, men det er framleis god kapasitet, så vi håpar mange fleire vil kome å prøve badminton utover hausten!

Vi minnar om at vi har "drop-in"-tilbod, samt gratis to vekers prøvemedlemskap. Racket og ballar kan du få låne på trening.

Dei nye treningstidene er:

  • mån. 19:00 - 22:00 (3 baner)
  • ons. 19:30 - 21:30 (7 baner)
  • fre. 17:30 - 19:00 (3 baner)

Ta gjerne kontakt med oss på førehand om du lurar på noko. Elles er det berre å møte på trening!

2023

Avlyste treningar i september

Følgjande treningar vert avlyste i september pga. arrangement i Førdehuset:

  • fre. 01.09 (FørdeCup Handball)
  • fre. 08.09 (Rigg til kommuneval)
  • mån. 11.09 (Kommuneval)
  • ons. 13.09 (Arrangement SSF)
  • fre. 29.09 (Bilmesse)

Vi held dykk oppdaterte dersom det vert endringar på dette.

Snart klart for ny sesong!

Då er vi snart klare for å starte opp 23/24-sesongen. Vi startar med første trening på mån. 28. aug. kl. 19:00.

I haust får vi nye treningstider og vi kan med glede melde at klubben endeleg får leige heile hall 3 med 7 baner ein av dagane! I tillegg prøver vi oss med ein ekstra treningsdag, så i haust får vi mykje betre kapasitet som vi håpar mange av dykk vil nytte seg av.

Dei nye treningstidene blir: mån. 19:00-22:00 (3 baner), ons. 19:30-21:30 (7 baner) og fre. 17:30-19:00 (3 baner).

Merk: dei to første fredagstreningane (01.09 og 08.09) er avlyste pga. arrangement i Førdehuset.

Styret ynskjer alle velkomen til ny sesong og ser fram til å møte dykk på trening i haust!

God sommar! 🌞

Vi har no avslutta 22/23-sesongen. Styret takkar alle medlemmar for god innsats og kjekke treningar denne sesongen, og ser fram til å treffe dykk igjen neste sesong!

Nettsida kjem til å bli oppdatert med treningstider og info om oppstart i god tid før sesongstarten i haust. Vi sender også ut info til alle som var medlemmar denne sesongen.

Vi ynskjer alle ein fin sommar så lenge!

Treninga tors. 27. april avlyst

Sidan arbeidet med montering av nytt lys i Førdehuset har gått raskare enn planen, kjem dei til å starte arbeidet i hall 3 på torsdag.

Det betyr at vi må dessverre avlyse treninga vår på torsdag og avslutte sesongen litt tidligare enn planlagd. Vi sjåast igjen til neste sesong!

God påske! 🐣

Vi minnar om at det er trening som vanleg i kveld. Håpar ikkje alle har teke påskeferie enda! Treningane no på torsdag og neste måndag går ut. Neste trening blir tors. 13. april.

Ha ei fin påske alle saman! 🌞

Påske og sesongavslutning

Her er ein oversikt over dei siste treningane no før og etter påske. Vi kjem til å trene ut april før vi avsluttar 22/23-sesongen. Sidan vi ikkje skal ha treningar i mai blir vi ikkje råka av arbeidet med lysmontering i Førdehuset, som startar 22. mai i hall 3.

Dei siste treningane for sesongen blir:

  • tors. 30. mars: trening
  • mån. 03. april: trening
  • tors. 06. april: avlyst (Skjærtorsdag)
  • mån. 10. april: avlyst (2. påskedag)
  • tors. 13. april: trening
  • mån. 17. april: trening
  • tors. 20. april: trening
  • mån. 24. april: trening
  • tors. 27. april: trening

Det betyr at vi har 7 treningar igjen og tors. 27. april vert siste for sesongen. Kalenderen (ICS) vår er oppdatert. Vi har også kalender på Friskus.

Styret håpar å møte flest mogleg av dykk på sesongens siste treningar!

Årsmøte og nytt styre

Førde Badmintonklubb hadde årsmøte den 22. mars.

Her er det nye styret:

  • Leiar: Sigmund Flaten
  • Nestleiar: Erik Mossestad
  • Styremedlem: Håvard Breilid
  • Styremedlem: Gong Xue Hu
  • Varamedlemmar: Are Skodvin og Asle Veien

Sigmund Flaten tek eit nytt år som leiar. Erik Mossestad tek over posten som nestleiar frå Kay André Vie. Vi takkar Kay André for innsatsen dei siste åra som medlem og styremedlem. Håvard Breilid er valt som styremedlem for 2 år og held fram som kasserar. Gong Xue Hu har vore trufast medlem i mange år og er no ein del av styret. Asle, også trufast medlem i fleire år, og Are, ny medlem denne sesongen, kjem inn som vara.

Referat frå årsmøtet vil bli sendt ut til alle medlemmar.

Innkalling til årsmøte

Vi kallar inn til årsmøte onsdag 22. mars kl 18:00.

Epost er sendt ut til alle medlemmar med sakliste og meir informasjon. Ta kontakt med oss om du ikkje har fått denne eposten.

Forslag til saker kan sendast til oss på post@fordebadminton.no eller meldast inn på Discord, helst innan 15. mars. Du kan også ta direkte kontakt med oss i styret (mobilnr. finn du her på sida).

Trening avlyst tors. 26. jan.

Det vert opprigg til arrangement i hallen på torsdag. Dermed må vi avlyse torsdagstreninga denne veka.

Om du vil trene denne veka må du møte i kveld!

Godt nytt år!

Styret håpar dykk har hatt ei fin julefeiring og fått lada opp til vårsesongen.

Vi er i gang igjen for fullt med treningar frå denne veka av. Vel møtt!

PS: minnar om at du framleis kan kjøpe lodd i Landslotteriet! Det er kun 22 lodd igjen, og desse kan kjøpast fram til 31. jan. Trekninga er 03. feb. Gå til badminton-norge.no. Vi set stor pris på alle bidrag!

2022

Trening tors. 22. des. avlyst

Sidan hall 2 og 3 i Førdehuset vert stengd i morgon og torsdag, må vi dessverre avlyse treninga vår på torsdagen.

Førde Badmintonklubb tar dermed juleferie. Vi startar opp igjen rett over nyttår på mån. 02. jan.

Styret takkar alle medlemmar for innsatsen og kjekke treningar i haust og ynskjer dykk ei riktig god jul!

Juleavslutning 🎅

Det blir treningar mån. 19. des. og tors. 22. des. før vi tar juleferie.

Oppstart etter nyttår blir mån. 02. jan.

Vi lagar til litt julekos på dei to siste treningane neste veke og tar med julebrus og anna julesnadder.

Styret håpar flest mogleg av dykk kan kome på årets siste treningar!

Klementin-garanti i desember 🍊

No i adventstida stiller styret med klementinar til medlemmane! Då har dykk enda ein grunn til å kome på trening 😊

Det vert treningar tom. tors. 22. des. Siste veka kjem badminton-nissen, som tar med seg litt ekstra julegodt.

Styret ser fram til høg innsats og kjekke badminton-økter no i desember, og vi håpar å sjå dykk alle på årets siste treningar!

BLACK FRIDAY hos Sport Modern!

fredag 25. nov. er det BLACK FRIDAY hos Sport Modern. Då får du 25% rabatt på alle varer frå FZ FORZA. Her kan du gjere eit godt kjøp på racketar og anna badmintonutstyr!

Ta kontakt med styret dersom du manglar rabattkoden vår.

Støtt Førde Badmintonklubb - kjøp lodd!

No kan du vere med å støtte klubben ved å kjøpe lodd i Landslotteriet 2022.

Lotteriet er eit samarbeid mellom Norges Badmintonforbund (NBF) og medlemsklubbane i Norge. Eit lodd kostar kr 50,-.

Kjøp lodd og sjå dei flotte premiane på:

www.badminton-norge.no

Huks å velge Førde Badmintonklubb når du kjøper lodd.

Siste frist er 31. jan!

Lykke til!

Medlemsrabatt hos Sport Modern

Vi minnar om at medlemmar får rabatt ved kjøp av badmintonutstyr hos Sport Modern.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Infoplakat om medlemsrabatt

Treningar avlyst: tors. 27.10 og tors. 03.11

Pga. opprigg til arrangement i Førdehuset, vert hall 3 stengd heile torsdagen denne veka (27.10) og neste veke (03.11).

Vi må difor avlyse desse to badminton-treningane.

VIP-tilbod hos Sport Modern i september

Treng du nye badmintonsko til denne sesongen?

Sport Modern har VIP-tilbod i september på Babolat-sko.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Vi startar opp igjen mån. 29. aug.

No er det snart klart for ein ny badminton-sesong igjen!

Treningstidene for 22/23-sesongen er:

  • Måndag: 20:00 - 21:55
  • Torsdag: 19:00 - 20:55

Første trening vert måndag 29. august.

Styret håpar alle har hatt ein fin sommar og er klare for å spele badminton igjen. Vi ynskjer dykk velkomen tilbake til ny sesong!

Sommarsalg veke 24-26 hos Sport Modern!

Treng du badmintonbag til neste sesong?

Sport Modern har sommarsalg i veke 24-26 på bagar.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i juni hos Sport Modern!

Det er sommarfri, men kanskje veit du at du treng ny racket til neste sesong?

Sport Modern har VIP-tilbod i juni på racketar med opptil 50 prosent rabatt.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i mai hos Sport Modern!

Treng du nye sportsklede til sommaren?

Sport Modern har VIP-tilbod i mai på klede med opptil 50% rabatt.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

God sommar!

Då har Førde Badmintonklubb avslutta 2021/2022-sesongen.

Styret vil takke alle medlemmane våre for god innsats og kjekke treningar denne sesongen!

Vi reknar med å starte opp igjen med ny sesong i veke 35, og vi kjem til å sende ut informasjon til medlemmane om oppstart i god tid før det.

Styret ynskjer dykk ein fin sommar så lenge! ☀

Info om sesongavslutning

Vi kjem til å ha badmintontreningar ut april.

Dei siste treningane for denne sesongen vert då:

  • tors 07.04
  • mån 11.04
  • tors 21.04
  • mån 25.04
  • tors 28.04

Styret håpar på å sjå så mange som mogleg på sesongens siste treningar!

Ha ei fin påske! 🐣

VIP-tilbod i april hos Sport Modern!

Treng du badmintonbag?

Sport Modern har VIP-tilbod i april på badmintonbagar med 15% rabatt.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i mars hos Sport Modern!

Treng du nye badmintonsko?

Sport Modern har VIP-tilbod i mars på kvalitetssko med 30% rabatt.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Innkalling til årsmøte

Førde Badmintonklubb kallar inn til årsmøte den 16. mars kl 18:00.

Det er sendt ut innkalling på epost til alle medlemmar med sakliste og meir informasjon.

Ta kontakt med styret dersom du ikkje har motteke denne.

Du kan sende inn forslag til saker til vår epost, på Discord eller ved å kontakte oss i styret.

VIP-tilbod hos Sport Modern!

Sport Modern har VIP-tilbod i januar på utvalgde kleskolleksjonar.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Velkomen til trening

Då er vi i gong igjen med badminton-treningar!

Det var 6 stk som møtte i kveld, og vi håpar å sjå fleire av dykk i vekene som kjem.

Oppstart mån. 17. jan

Vi planlegg å starte opp igjen med badmintontreningar frå mån. 17. jan, dersom det ikkje kjem meir restriktive smittevernreglar.

Blir det endringar på oppstartsdato, vil dykk bli informert.

Håpar å sjå dykk på trening om ei veke!

Utsetjing av treningsoppstart

Godt nytt år!

Vi avventar litt med oppstart av treningar no etter nyttår.

Dykk vil få meir info om kortid vi kan starte å trene igjen.

2021

Førde Badmintonklubb tar juleferie

Vi må dessverre avslutte til jul litt før planlagt pga. smitteverntiltaka.

Dermed blir treninga i dag og kommande måndag avlyst.

Vi satser på å starte opp igjen rett over nyttår.

Styret ynskjer alle medlemmar ei god jul så lenge!

VIP-tilbod hos Sport Modern!

Siste VIP-tilbod hos Sport Modern for i år.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Siste trening før jul blir mån 20.12

Siste badmintontrening, før vi tar juleferie, blir måndag 20.12.

Det blir ingen treningar i romjula.

Sjå også epost som er sendt ut til alle medlemmane.

Black Week hos Sport Modern!

Sport Modern har mange gode tilbod denne veka.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Vekas tilbod hos Sport Modern!

Treng du ny racket? To toppracketar med 30% rabatt denne veka.

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i november hos Sport Modern!

Treng du badminton-bag?

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Ingen trening torsdag 20. okt

Førdehuset stengjer hall 2 og 3 heile dagen, torsdag 20. okt, pga. vedlikehald.

Vi må difor avlyse treninga i morgon.

Sjåast på måndag igjen!

VIP-tilbod oktober hos Sport Modern!

Treng du nye sko?

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod september hos Sport Modern!

Treng du ny racket?

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening, finn den på Discord eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Ingen trening måndag 13. sep

Førdehuset stengjer idrettshallen for treningar på valdagen.

Neste trening blir torsdag 16. sep. kl 20:00.

Godt val :)

Då var vi i gang!

Heile 8 stk. valde å stikke innom på sesongens fyrste trening. Det tyder på at vi har ein aktiv sesong i vente!

Vi satsar på å sjå fleire av dykk utover hausten, og kanskje nokre nye fjes også :)

Sesongstart mån. 30. aug.

No er det snart klart for ein ny badminton-sesong, og etter ein laber vårsesong der vi fikk kun éi trening, håper vi mange er gira på å spele badminton igjen!

Vi startar opp 2021/2022-sesongen på måndag 30. aug.

Det blir nye treningstider denne sesongen:

  • måndag kl 20-22
  • torsdag kl 20-22

Har dykk har spørsmål er det berre å ringe oss i styret eller sende ein epost.

Håpar å sjå dykk på trening i haust!

Vi avslutter no 20/21-sesongen

Styret har kome fram til at vi no offisielt avsluttar 2020/2021-sesongen.

Vi håpar på å kome sterkare tilbake til hausten og at vi kan trene som normalt igjen då. Medlemmane vil få info om oppstart i god tid før sesongen byrjar.

Styret ynskjer dykk ein fin sommar så lenge!

Tilbod hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i april hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Vekas tilbod hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i mars hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Vi må utsetje treningane igjen

Det vart ei kortvarig glede med kun éi trening på måndagen, før vi på nytt må utsette treningsoppstart igjen.

Sunnfjord kommune bestemde den 26.01 at idrettsaktivitetar innandørs vert avgrensa til dei under 20 år. Derfor må vi avlyse dei kommande treningane.

Vi oppdaterer dykk når det er mogleg å starte opp igjen.

Vi startar opp igjen med treningar

No går vi endeleg i gang igjen med treningar frå mån. 25.01.

Styret vil minne om at alle må fylgje smittevernsreglane og halde minst 1 m avstand til kvarandre. Les gjerne igjennom Corona-retningslinjene våre her på nettsida før du kjem på trening.

Vi avventer litt med double-kampar i første omgang. Sjå meir info sendt ut på epost i dag.

Vekas tilbod hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Oppstart av treningar blir utsett

Det ser ut til at smitteverntiltaka for organisert aktivitet innandørs vil halde fram ei stund til.

Det gjer at vi dessverre ikkje kan starte opp igjen med treningar heilt enda.

Vi sender ut ny informasjon til medlemmane når vi kan starte opp igjen.

Vekas tilbod hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

VIP-tilbod i januar hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Ingen trening dei neste to vekene

Først og fremst: godt nytt år! Håper dykk har hatt ein fin juleferie.

I går kom det nye nasjonale smitteverntiltak, som bl.a. gjeld idretts- og fritidsaktivitetar. Sunnfjord kommune kjem til å fylgje desse, og hallen i Førdehuset vert stengd på kveldstid. Vi må difor utsetje treningsoppstart nokre veker.

Neste trening blir forhåpentlegvis mån. 18.01.

2020

God Jul! 🎄

Etter ein aktiv haust-sesong med både nye og trufaste medlemmar, tek Førde Badmintonklubb no ein velfortent juleferie.

Det vart ein koseleg juleavslutning i kveld med bra oppmøte, litt forfriskningar og mykje godt badmintonspel.

Vi startar opp igjen med treningar mån. 04. jan., så det er berre å lade godt opp i jula 😊

Styret ynskjer alle medlemmar ei riktig god jul og godt nytt år!

Siste trening i år blir mån. 21. des

Det nærmar seg jul. Siste trening, før vi tek julefri for i år, vert måndag 21. des. (det blir ingen treningar i romjula).

Vi prøver å lage til litt julekos så langt det let seg gjere 🎅

Vi køyrer i gang igjen med første trening for vårsesongen og 2021 på måndag 04. jan. Håper dykk alle vil halde fram med badminton neste år!

Til dei vi ikkje møter før jul: ha ein fin juleferie, og takk for innsatsen og kjekke treningar i haust!

Trening fram til jul

Vi kjem til å ha treningar tom. måndag 21. des før vi tar juleferie.

Tilbod veke 49 hos Sport Modern!

Registrer deg som kunde på sportmodern.no. og legg inn rabattkoden for Førde Badmintonklubb. Spør etter rabattkoden på trening eller send epost til styret om du ikkje har fått den.

Black Friday Week hos Sport Modern!

Sjå utvalget på sportmodern.no.

Takk for støtten!

Styret sender ein stor takk til alle bidragsytarane våre til TV-aksjonen. Det er kjekt at klubben kan bidra til ein slik viktig sak.

Vår digitale bøsse til TV-aksjonen har fått inn heile kr 6000!

Klubben ga også eit betydelig beløp og det er vi stolte av. Vi har den 7. største bøssa i Sunnfjord kommune.

Men, det er framleis mogleg å gi til bøssa vår. Vi held den åpen ut oktober, og håper fleire hiv seg på no på slutten. Du finn den her: https://spleis.no/fobk

Det ventar kanskje ei lita påskjønning til dei medlemmane som var med å bidrog til bøssa vår, så det kan vere lurt å møte på trening 😊

Støtt TV-aksjonen 2020

Førde Badmintonklubb har oppretta ei digital bøsse til TV-aksjonen NRK WWF 2020.

Her kan du vere med å bidra til WWF sitt arbeid for å bekjempe plast i havet.

Plakat TV-aksjonen 2020 Bli med

Du finn vår digitale bøsse ved å følge linken: https://spleis.no/fobk

Pengane vil gå direkte til TV-aksjonen og bøssa er åpen i heile oktober.

Del gjerne dette vidare på Facebook (du finn dele-knapp på linken over) og i andre kanalar, og få med flest mogleg til å gi støtte til dette viktige arbeidet.

Vi har allereie fått inn bidrag frå 6 givarar på totalt kr 1700!

Lykke til 😊, helsing styret.

Trening i haustferien

Fleire av oss kjem til å møte på trening i haustferieveka, så treningar vil gå som normalt. Det er framleis god plass i hallen!

God plass i hallen

Vi er no godt i gang med den nye sesongen. Hittil har det ikkje vore så mange innom trening enda, så det er god plass i hallen.

Håpar du tar deg ein tur og prøver badminton. Her er det moglegheit for å spele mykje!

AirBadminton

Vi har no dei nye AirShuttle-ballane på lager!

Ta kontakt dersom du vil prøve. Eit rør med ballar kostar kr 140,-.

Sesongstart 2020/2021

Vi startar opp igjen med treningar mån. 31. aug.

Treningstidene blir:

  • Måndag kl 19:00 - 21:55
  • Torsdag kl 18:00 - 21:55

Vi har sendt ut epost til alle medlemmar med info om sesongstart. Der står det litt om retningslinjer vi må følgje no under corona-epidemien.

Smittevern

  • Det skal ikkje vere fleire enn 20 vaksne på trening.
  • Dersom du har forkjølings- eller influensaliknande symptom, skal du ikkje møte på trening.
  • Helst ikkje møt før tidligast 5 minutt før treninga byrjar.
  • Vask gjerne hendene med såpe og vatn, og evt. bruk handspritdispenseren før du går inn i hallen.
  • Hald minst 1 m avstand til dei andre deltakarane så godt det let seg gjere.
  • Bruk kun din eigen racket, og unngå å ta unødvendig på overflater og anna utstyr.
  • Unngå å ta deg til andletet og bruk gjerne eit sveittearmband, handkle e.l. til å tørke sveitten med.
  • Ha med rikeleg med drikke, og unngå å fylle vatnflaska i Førdehuset.
  • Bruk gjerne handsprit eller vask hendene med såpe og vatn før du forlater Førdehuset.
  • Ellers, tren som normalt og ha det kjekt på trening :)

Meir info om Førdehuset sine retningslinjer finn du her: www.fordehuset.no/idrett/idrettshallen

Sjå Badmintonforbundet sine Coronavettregler her: www.badminton.no/praktisk-info/corona

Håpar å sjå dykk på trening i haust!

Vi avslutter 2019/2020-sesongen

Vi har no bestemt oss for å avslutte 19/20-sesongen, sidan det er lite truleg at vi får starte opp igjen med treningar før sommaren.

Informasjon om sesongstart til hausten vil bli sendt ut i god tid når den tid kjem. Ha ein fin sommar så lenge!

Helsing styret.

Ingen trening torsdag 12. mars

Pga. Corona-viruset har Idrettsforbundet i dag bestemt at all idrett, treningar og konkurransar skal opphøyre med umiddelbar verknad.

Treninga i dag, torsdag 12.3, vert derfor avlyst, og vi må ta ein vurdering på om vi avslutter sesongen heilt.

Vi legg ut informasjon her på nettsida, og sender ut epost til medlemmane når vi har dette avklart.

2019

God Jul!

Førde Badmintonklubb har tatt juleferie. Siste treninga i år var torsdag 19.12. Det blir ikkje trening i romjula.

Vi startar opp igjen torsdag den 02.01.

Styret ynskjer alle medlemmar ei riktig god jul!

Vestlandsmesterskapet 2019 på Sotra

Lørdag og søndag 09. og 10. nov. vart det arrangert Vestlandsmesterskap på Sotra Arena.

Førde Badmintonklubb hadde tre deltakarar med på turneringa. Sigmund Flaten, Håvard Breilid og Erik Mossestad deltok i Herre senior C både i double på lørdagen og single på søndagen.

Etter fleire harde og spennande kampar har vi gleda av å gratulere Erik med bronse i Herre senior C-klassen!

Erik med bronsemedalje

Bilde: Erik etter premieutdeling
(trykk for større bilete)

Ny treningstid på torsdagar

Vi har fått utvida treningstida vår på torsdagar.

Ny treningstid er no 17:00 - 19:55.

Nye treningsprisar

Styret har avklart nye prisar for sesongen 2019/2020.

Det vert no to alternativ:

1) Betale fullt medlemskap (kr 2500,- for vaksne, 1200,- for U19/student). Her kan du velje å betale for ein halv sesong. Dvs. kr 1500,- / 750,- for første halvdel, og kr 1000,- / 450,- for andre halvdel av sesongen.

2) Betale medlemskontingent på kr 400,- for å bli medlem og deretter betale kr 100,- (vaksne) eller kr 50,- (U19/student) pr. trening. Er du deltakar frå Førde Ressurssenter/Frisklivssentralen betalar du kr 75,- pr. trening for vaksen.

Alle må betale minimum kr 400,- i medlemskontingent. Dette går til å bl.a dekkje avgift til krets og forbund og inkluderer også skadeforsikring frå Norges Badmintonforbund.

Førde Badmintonklubb har fått gruppe på Friskus

Førde Badmintonklubb har no eiga gruppe på Friskus.

Mange lag og organisasjonar har etterkvart tatt i bruk Friskus for å vise fram kva som skjer i Førde, og vi kjem også til å bruke dette verktøyet meir etterkvart. Der finn du bl.a aktivitets-kalender.

Du som er medlem i klubben kan registrere din eigen brukar på friskus.com og be om medlemskap i vår Friskus-gruppe.

Hallen stengd måndag 09. sep

Pga. valdag 09. sep, blir hallen stengd for aktivitet heile dagen og vi må avlyse treninga. Godt valg :)

Grill`n Chill 2019

Sigmund og Erik representerer Førde Badmintonklubb på Grill`n Chill i år.

Møt dei på festplassen frå kl 15 til kl 17.

Vi gir kr 200,- i rabatt til nye medlemmar under 19 år som registrerer seg i dag!

Oppstart sesongen 2019/2020

Vi startar opp igjen med ny sesong måndag 26.08. Nye treningstider er 20:00 - 22:00 på måndagar og 17:00 - 19:00 torsdagar.

Velkomen til både nye og gamle medlemmar!

Helsing styret.

Betal med Vipps!

Du kan no betale til klubben med Vipps! Der er det også lagt inn prisar på diverse utstyr og kontingentar. Bruk Vippsnr. #563162 eller søk på "Førde Badmintonklubb".

2018

Oppstart sesongen 2018/2019

Vi startar opp igjen med ny sesong måndag 03.09. Nye treningstider er 20:00 - 22:00 på måndagar og 19:00 - 21:00 torsdagar.

Velkomen!

Helsing styret.

God sommar!

Siste trening for 17/18-sesongen vart måndag 23.04, pga hallen var stengt torsdag 26.04.

Vi ynskjer alle medlemmane våre ein god sommar så lenge til vi startar opp igjen til hausten. Meir informasjon blir sendt ut ved oppstart.

Helsing styret.

Avslutning av sesong og årsmøte

Vi held fram med treningar ut april. Det er god plass i hallen, så det er berre å møte opp :)

Styret kallar inn til årsmøte for 2018, fredag 20. april, kl 19:00 på Bambus. Alle medlemmar er velkomne.

2017

Nye treningstid på måndagar

Vi har kutta siste timen på måndagar slik at treningstidene no er 19:00-21:00 både på måndagar og torsdagar.

Medlemskontingenten for 2017-2018 sesongen

No har styret bestemt den nye medlemskontingenten for 2017-2018 sesongen. Prisane har endra seg litt og vi har satt ein fast kontingent uavhengig av om ein ynskjer å trene ein eller to dagar i veka.

Vi oppfordrar alle nye som ynskjer å bli medlem, samt gamle medlemmar, om å registrere seg for 17-18-sesongen og betale kontingenten.

Trykk på "Registrer"-knappen og send inn skjema til oss. Betalingsinformasjon ligg her på sida.

Oppstart sesongen 2017-2018

No startar vi opp igjen med ny badmintonsesong. Første trening vert måndag 04. september.

Treningstidene ved oppstart vil vere: måndag kl. 19:00-22:00 og torsdag kl. 19:00-21:00.

Vi ynskjer alle gamle og nye medlemmar velkommen!

God sommar!

Vi hadde årsmøte på Peppes fredag den 07.04. Det vart ei hyggeleg samling med 7 oppmøtte og ei fin avslutning på sesongen.

Vi startar opp igjen i slutten av august eller begynnelsen av september. Meir info om første trening og treningstider kjem nærare sesongstart. Håpar alle medlemmane våre får ein fin sommar.

Helsing styret

Ny treningstid og sesongavslutning

Vi har kutta siste timen på måndagar. Treningstidene våre er no 19-21 på måndagar og 19-21 på torsdagar.

Vi har bestemt å avslutte til påske, slik at siste trening for sesongen 2016-2017 blir måndag 10. april.

Ny treningstid

Vi har kutta siste timen på torsdagar. Treningstidene våre er no 19-22 på måndagar og 19-21 på torsdagar.

2016

Ny treningstid på måndagar

Vi har valgt å kutte første timen på måndagar og treningstidene våre er no 19-22 både måndag og torsdag.

Sotra Island 2016

Klubben hadde 3 turneringsdeltakarar på Sotra Island 2016, og vi har gleden av å gratulere medlemmane våre Erik og Håkon med første og andre plass i U17-klassen!