Meny

Badminton i Førde!

Hos Førde Badmintonklubb kan deltakarane trene og spele saman slik dei ynskjer, samt få individuell oppfølging og teknikktrening. Kanskje badminton er noko for deg? Uansett alder og nivå er du velkomen til å trene badminton med oss!

Treningstider

måndag18:30 - 20:00
fredag16:30 - 19:30

Avlyst: fre. 28. mars

Stad: Førdehuset, hall 3

Prøve badminton?

Kom innom på ei trening og spel badminton med oss! Ingen påmelding eller registrering er nødvendig første gongen. Utstyr får du låne av klubben.

For nye deltakarar tilbyr vi eit gratis og uforpliktande prøvemedlemskap på to veker. Kontakt oss gjerne på førehand via tlf. eller epost om du har spørsmål.

Registrer prøvemedlemskap

Siste nytt

Resten av sesongen

Slik ser treningskalenderen ut for resten av 24/25-sesongen:

  • Trening: mån. 24. mars
  • Avlyst: fre. 28. mars (RockneBowl)
  • Trening: mån. 31. mars
  • Trening: fre. 04. april
  • Trening: mån. 07. april
  • Trening: fre. 11. april
  • Trening: mån. 14. april
  • Avlyst: fre. 18. april (Langfredag)
  • Avlyst: mån. 21. april (2. påskedag)
  • Trening: fre. 25. april
  • Trening: mån. 28. april

Det nye styret

Førde Badmintonklubb hadde årsmøte i går, den 19. mars. Det var eit innhaldsrikt møte med mange deltakarar. Referat frå årsmøtet vert sendt ut til alle medlemmar på epost.

Her er det nye styret:

  • Leiar: Sigmund Flaten
  • Nestleiar: Erik Mossestad
  • Kasserar: Håvard Breilid
  • Vara: Asle Veien og Sara Nagendran

Sigmund Flaten tek eit nytt år som leiar, Erik Mossestad vert nestleiar i eit år til og Håvard Breilid held fram i styret som kasserar. Asle Veien fortset som vara, samt at Sara Nagendran er også kome inn som varamedlem.

Gong Xue Hu stod ikkje på val i år og vi takkar Gong for innsatsen som styremedlem dei siste åra.

Gå til nyheitsarkivet

Treningsprisar

Vi har to alternativ om du ynskjer å trene med oss:

Medlemskap (haust/vår)

Medlemskontingenten for 2024/2025-sesongen:

  • Vaksne: kr 2000,-
  • Student: kr 1200,-
  • Under 20 år: kr 1000,-

Klubben tilbyr betaling med Fritidskonto. Vi har også familierabatt dersom dykk er minst éin under 20 år.

Drop-in

For deg som vil trene ein gong i blant og ikkje ynskjer å bli medlem.

  • Vaksne: kr 100,- pr. trening
  • Friskliv/Førde Ressurssenter: kr 50,- pr. trening
  • Under 20 år/student: kr 50,- pr. trening

Her er det berre å møte opp. Ingen påmelding nødvendig. Du betalar med Vipps, og lån av racket og ballar er inkludert i prisen.

Utstyr

Klubben har avtale med Torinor Sport AS for innkjøp av badmintonutstyr og sko, og kan tilby medlemmar rabatterte prisar. Sjå heile utvalget og bestill på sportmodern.no. Rabattkode får du av styret.

Sport Modern

Betal til

Bankkonto: 3700.20.39053
Vipps-nummer: 563162

Kontakt oss

post@fordebadminton.no

Postadresse

Førde Badmintonklubb, c/o Sigmund Flaten, Steinane 5, 6847 Vassenden

Styret

Leiar:Sigmund Flaten909 46 688
Nestleiar:Erik Mossestad916 37 098
Kasserar:Håvard Breilid419 33 133