Badminton i Førde!

Førde Badmintonklubb vart stifta i 1980 og har frå starten av haldt til i Førdehuset. Hos oss kan medlemmane trene og spele saman slik dei ynskjer, samt få individuell oppfølging og teknikktrening. Medlemmar får også moglegheit til å delta på turneringar i regi av klubben. Kanskje badminton er noko for deg? Uansett alder og nivå er du velkomen til å prøve badminton hos oss!

Treningstider

måndag:19:00 - 21:00
onsdag:19:30 - 21:30
fredag:17:30 - 19:00

Stad: Førdehuset, hall 3

Bli medlem

Møt oss på trening, prøv ut badminton og sjå om dette er noko du vil trivast med. Ingen påmelding eller registrering er nødvendig første gongen. Racket og ballar får du låne av klubben. Er du heilt ny til badminton, hjelper vi deg i gong med reglar og litt teknikk.

Kontakt oss gjerne på førehand via tlf. eller epost om du har spørsmål.

Ynskjer du å bli medlem, registrerer du deg, betalar medlemskontingent og du kan då trene heile sesongen. Vi har også "drop-in"-tilbod. Sjå prisar for medlemskap og drop-in under Treningsprisar.

Registrer medlemskap

Prøvemedlemskap

For nye spelarar tilbyr vi eit gratis prøvemedlemskap i to veker, som du kan benytte deg av før du må ta stilling til om du ynskjer å bli medlem.

Registrer prøvemedlemskap

Siste nytt

God påske 🐣

Det vert ikkje trening på fre. 29.03 (Langfredag) og mån. 01.04 (2. påskedag). Ellers går treningane som normalt no i påskeveka.

23/24-sesongen er planlagt å vare ut april, med siste trening på mån. 29.04. Dersom det er interesse frå medlemmar og dropin-spelarar om å trene vidare etter april, kan det bli aktuelt å forlenge sesongen. Styret er positive til dette og vi set derfor pris på tilbakemelding frå dykk som er gira på å trene meir i vår!

Ha ei fin påske alle saman! 🐥

Det nye styret

Førde Badmintonklubb hadde årsmøte den 12. mars.

Her er det nye styret:

  • Leiar: Sigmund Flaten
  • Nestleiar: Erik Mossestad
  • Styremedlem: Håvard Breilid
  • Styremedlem: Gong Xue Hu
  • Varamedlem: Asle Veien

Sigmund Flaten og Erik Mossestad tek eit nytt år som leiar og nestleiar. Håvard Breilid stod ikkje på valg og held fram som styremedlem og kasserar for 1 år til. Gong Xue Hu og Asle Veien fortset som styremedlem og varamedlem.

Referat frå årsmøtet er sendt ut til alle medlemmar.

Gå til nyheitsarkivet

Treningsprisar

Vi har to alternativ om du ynskjer å trene med oss:

Medlemskap (haust/vår)

Medlemskontingenten for 2023/2024-sesongen:

  • Vaksne: kr 2500,- kr 1500,-
  • Student: kr 1200,- kr 750,-
  • Under 20 år: kr 1200,- kr 750,-

Klubben tilbyr betaling med Fritidskonto. Vi har også familierabatt dersom dykk er fleire under 20 år i same husstand.

Registrer medlemskap for 2023/2024

Drop-in

Vi tilbyr drop-in for dei som vil trene ein gong i blant og ikkje ynskjer å bli medlem:

  • Vaksne: kr 100,- pr. trening
  • Friskliv/Førde Ressurssenter: kr 75,- pr. trening
  • Under 20 år/student: kr 50,- pr. trening

Her er det berre å møte opp. Ingen påmelding nødvendig. Du betalar med Vipps, og kan låne racket og ballar hos oss.

Er du ny i klubben kan du først benytte deg av vårt prøvemedlemskap utan kostnad.

Registrer prøvemedlemskap

Kva dekkjer kontingenten?

Medlemskontingenten går bl.a. med til å dekkje halleige, avgifter til krets og forbund, samt andre administrative kostnader. Medlemskontingenten inkluderer også skadeforsikring frå Norges Badmintonforbund.

Utstyr

Klubben har avtale med Torinor Sport AS for innkjøp av badmintonutstyr og sko, og kan tilby medlemmar rabatterte prisar. Sjå heile utvalget og bestill på sportmodern.no.

Sport Modern - rabattkode: FøBK

Betal til

Bankkonto: 3700.20.39053
Vipps-nummer: 563162

Meir informasjon om betaling

Kontakt oss

post@fordebadminton.no

Postadresse

Førde Badmintonklubb, c/o Sigmund Flaten, Steinane 5, 6847 Vassenden

Styret

Leiar: Sigmund Flaten, mob. 909 46 688

Nestleiar: Erik Mossestad, mob. 916 37 098

Kasserar: Håvard Breilid, mob. 419 33 133